Ein tur til Voss

21. august 2005

Ja eg var no på veg til Voss, men ved Bolstad fant eg da meir interresant å ta ein avstikkar på "gamlevegen" som delvis består av gamle Vossebanen, dar den no er lagt i tunnel.

Her er første stopp ved Bolstad stasjon, og dar kjem austgåande dagtog til Oslo:

Bostadøyri stasjon mellom fjella:

Frå venterommet:

 

 

 


Dette er ikkje store plassen, men Sentrum ja da har dei og over brua og bortetter
 

 

Men i sentrum fant eg ikkje noko anna enn denne kaien frå den tid folk fór vannvegen, då var da ein
 omlastningsplass her ved Bolstad, og ein kunne fara på fjordane heilt til Bergen:

 

I dag ligg da ein roleg atmosfære over plassen:

 

Her kjem nokre bilete frå gardane på Bolstad:

 

 

 

 


Men eg fór vidare oppetter langs elva på "gammelvegen" og over brua som ein ser lenger dar borte:


 


 


Her har eg tatt ein stopp på Hernes.  Dar har dei omgjort gamle Vossebanen til lokalveg.



Her var da no veldig idyllisk. Evangervatnet.


Same Evangervatnet.

Her vert da litt innterresant, for eg har tenkt meg høgt til fjells opp på den dar fyllinga som ein kan sjå frå Europavegen dar langt oppe i dette fjellet.  Eg har lengje undra meg på kva da er for noko.



Her ser ein fyllinga tydelegare.

Vidare går vegen etter gamle Vossebanens trasé og i ei lita tunnel:



Men først lyt eg innom Evanger stasjon som passerast på vegen.



Og over vegen går enda sidesporet som vart lagt til kraftstasjonen inne i fjellet.



Her ser me sporet heilt inn til fjellet lagt for å transportera ein transformator.



Og her gjorde eg ein stopp ved administrasjonsbygningen for dette anlegget til BKK. (Bergenshalvøens
Kommunale Kraftverk)



etter stasjonen går vegen vidare til høgre og oppetter lia.  Her ein lysning i skogen og utsikt ned mot hovedvegen.



Og heilt til topps etter denne grusvegen finn eg forklaringa på heile fyllinga,



Dei har skote eit tverrslag for vanntunellane til kraftstasjonen.

 

Her er alt eg fekk bilete av innover i fjellet.  Dar var ei lita sprekk i døra som var skikkeleg låst, men som fotograf lyt ein nytta alle høve til eit bilete, og mysteriet vart løyst.



Og den brave motorsyklist han sjøl langt til fjells.



Nere dar ser me ein av fjellgardane som da er fleire av langs dalsøkket.



Og borti dar ein gard også.



Nærbilete av endå ein gard langt til fjells.



Her var dat stor utsikt over fjella, og litt snø kan vi ennå sjå ligg att endå dat er langt ut i august.



Utsikt austover mot Bolstad med tidlegare nemte vatn i forgrunnen.



Same utsikt frå fyllinga og neri dar kan vi sjå vegen oppetter lia som eg fulgte.



Grusvegen nedetter lia.



Same grusvegen slyngar seg nedetter.



Og nesten nere igjen, med utsikt over til Hernes og Gamle Vossebanen som no er lokalveg.



Evanger frå same staden.



Og heilt nere igjen, vatnet som ligg dar ved kraftstajonen.  Her snudde eg og fór heim att til Bergen,
så noko tur til Voss som planlagt vart da ikkje den dagen..................