Nordnorgeturen 2000

Eg var ein tur nordover og henta nokre ting eg hadde på eit lager etter nordnorgetida.  På heimtur tok eg turen om Vesterålen og Lofoten.  På ferga over Gullesfjorden kom kamera opp, og her ser vi utover Gullesfjorden mot Kvæfjord, og vi kan så vidt skimte Gapøykalven midt uti der:

Ser vi oss tilbake ser vi fergekaia på Refsnes:

Utover Gullesfjorden ligger gårdane på Flesnes og utover:

Og innover Gullesfjorden ser vi Gullholmen midt i fjorden:

Her også på ferga og flotte motorsyklar på tur:

Etter å ha passert Sortland kjem vi til Hadseløya som har bru over til Stockmarknes:

På Stockmarknes har dei skipa i hop Hurtigrutemuseet og som seg hør og bør ligg ei gamal skute som har gått i Hurtigruten, MS Finnmarken frå 1956:

Her ser vi brua over til museet som er i kombinasjon med eit hotell der ute.  MS Finnmarken vart slept på land på ein spesiallage slipp der ho ligg.  På neste bilete kan vi se dimensjonane om vi legg merke til mannen under kjølen:

 


 

 

 

 

 

 

 

 

 

Og i bakgrunnen ser vi dagens sydgåande hurtigrute, MS Nordnorge.

Gamle MS Finnmarken er også Noregs største museumsgjenstand.

Eit besøk anbefalast.

Her har dei også modell av nokre båtar, her først gamle DS Lofoten som var det siste dampfyrte fartyget og ho gjekk i Hurtigruten heilt til 1964 då dagens MS Lofoten kom inn i ruta.

 

Dette er St. Svidtun som forliste syd av Rørvik i 1963, den verste katastrofen i Hurtigruten i fredstid.  Ho kom aldeles ut av kurs og det vart leita lengje etter ho utan resultat heilt til overlevandes kom seg i land på eit fyr og fekk varsla. Og mange mennesker omkom då ho seig av skjæret og låg seg på 90 meters djupna der ho endå ligg:

 

Betre gjekk det med folket om bord på gamle MS Nordstjernen som forliste i 1955, den gang omkom bare fire mennesker og 124 vart berga, til tross for at ho sank på 20 minutter frå ho grunnstøtte til ho forsvandt i havet.  Men det var godt vér og sjøforklaringa meiner at årsakjen var at styrmannen hadde teke feil av land og skugge i måneskinnet.  Ho ligg endå i Raftsundet og er eit populært sportsdykkarmål:

 

Videre utover mot Lofoten kjem vi til den nye brua over Raftsundet.  Den er ein del av LOFAST som skal åpnast ein gong utover i 2006.

Og på veg vidare utover Lofoten til ferga på Moskenes ser eg MS Nordnorge på veg sørover:

Så vart kamera pakka ner.