FØRSTESIDEN  ØSTFOLD I DAG NORDNOREG UT PÅ TUR ANDRE ALBUM
 

ØSTFOLD I DAG
21. MAI 2009

Otteid ligg på eidet mellom Haldenvassdraget og Store Lee.  Store(a) Lee
er ein rett stor innsjø i Sverige med ein arm inn i Østfold.  Frå den innsjøen
kan ein sigla til Vänern og har heile kanalsystemet i Sverige tilgjengeleg.

I dag var eg ute på ekspedisjon til Otteid for å finne restane etter Otteidkanalen. 
Det var ein kanal bygd i 1825 og skulle gi ein forbinding over til Store Lee.
Eg har lest ein plass at den vart stengt i 1956 og her er den einaste resten eg fann:
Ei bru på vegen mot Otteid Øst, dei har lagt vegen over sjølve kanalen:

(Ja, det er min motorsykkel)

 

Her eit bilete inn i krattet, det er noko av det som er igjen av kanalen:

 

Her på andre sida av vegen visast eit tjern som kanalen gjekk te.

Det viste seg at kanalen bare var ca 1,5 meter brei og var laga for å fløyte tømmer i.

 

Eg tok no lika godt turen heilt over til Otteid Øst ved Store Lee, det var ikkje mange hundre metrane,
og her er nokre bilete som visar plassen:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Og langt der borte ser vi Sverige: