FØRSTESIDEN  ØSTFOLD I DAG NORDNOREG UT PÅ TUR ANDRE ALBUM

Bilete av mine motorsyklar på forskjellege plassar eg har vore

Min første Motorsykkel (eller bare ein skúter) var ein Vespa 125ccm (Johnny):

Her fotografert på tur ein vårdag i 1972 ved Brattebergane i Skånland. 


min første motorsykkel på 28 år innkøypt hausten 1999.  (Agnes) 

Yamaha XV125S Virago 1999 års modell.  Neste år................................

2001

Min andre sykkel også ein Yamaha XV125S men no 2001 års model og døypt (Cecilie)

Her frå sumaren 2002 på min tur Sognefjorden rundt med bare ei ferga på 5 dagar.

Da var eit ovalag godt vér og ein flott motorsykkeltur.

 

Tok turen til Molde og hurtigruta heim att.  Flott tur sjølv om eg hadde tenkt meg lenger.

 

Vel heime igjen og på ein flott tur til Hardanger, her sjølvportrett i Mundheim.
Vart solgt i august 2004 av di eg køypte denne:

august 2004...:


BMW R100RT 1000ccm august 2004  (Hildrun).
  Eit svært eit dyr med hæsta nok!  Den passa ikkje heilt til mi køyring så eg byta ho snart ut att, men ein flott sykkel er det!

 

2005:


Neste sykkel kom i mai 2005, eg var i Sarpsborg (og leverte BMWen) og henta denne på ein forretning.
Det var eit inkassotilfelle og eg fekk den billig.  YAMAHA XVS 250ccm Drag Star.  (Reidunn)

 


 


Og eit skrytarbilete frå Hordvikneset:

Men ho var livsfarleg å bremsa med, solgt til ein kar i Bergen.

 

2006:
No skulle eg ha beste sorten, med integralbremsar og køyreeigenskapar av ypperste klasse:


Denne gangen var eg tidleg ute og allereie i mars henta eg ny sykkel.
Her har eg lasta inn neste doningen på Gol, ein BMW R850R 2004 års modell. Klar til transport heim te Bergen i lånt varebil frå STICO.


 


 


med bagasjebokser og skivelås.

 


 


I kveldslys ute på Sotra


(Motorsykkel er ein egotripp for sjøldiggarar.)

Fleire bilete kjem neste år

2007:


Her står ho klar til å ta ut på tur våren 2007.


Men Akk det lå an til regnvér ja.

Ho vart solgt i april 2007 til ein kar på Voss..........................

Så eg vart utan motorsykkel enn så lengje, regnveret holdt stand heile sesongen 2007,
så nokon ny sykkel vart ikkje innkøypt da året.

To år seinare:

 Ho mor gamle, som eg budde hos og hjalp på hennar gamle dagar døyde
 og eg flytta i Juli 2008  frå Vestlandet til Askim i Østfold,

Var borte i Lier og henta heim neste doning:

YAMAHA XVS 650 A DRAG STAR CLASSIC
1998 modell og sykkelen var nesten ikkje brukt,
2800 km på tellaren og lika blank og fin som om ho var ny.
Eg berre slo te og køyrde ho heim til Askim mandag 13. april.
 Ho vart døypt "Solfrid" og står her utafor garasjen ferdig utstyrt:


 

Helsing Ove Erik.